Korleis planlegg SKS avslutning av grunnskulen for sine elvar? I tillegg til ein elegant vitnemålsseremoni, som skal vere ei livsmarkering, vil vi opne verda for elevane.
Du kan framleis søkje elevplass
Søknadsfristen for skuleplass gjekk ut 24. april, som tyder at fortrinnsretten ikkje lenger gjeld for komande skuleår. Du kan like fullt søkje om skuleplass! Skulen tek framleis imot søknad om skuleplass for elevar på 1. til 10.trinnet. Trykk her for å søknadsskjema.
Skuleskyss i Leirvik-området
Det er ei stor glede å kunne melde at Stord Kristne Skule frå hausten 2022 vil tilby skuleskyss med eigen mini-buss i Leirvik-området. Bruk av denne bussen er uavhengig av avstand mellom heim og skule. Bussen vil hente elevane heime og køyre dei til skulen. Skulen vil før sommaren sende skriftleg tilbod til foreldra til […]
Digital søknad
SKS har nå fått på plass ein digital søknad om skuleplass. Du kjem rett til skjemaet ved å trykke på «Digital søknad om skuleplass» øvst på skulen si heimeside. Det tyder at ein ikkje lenger treng å skrive ut skjema og sende det inn fysisk. Ein fyller ut skjemaet på nett, og trykkjer til slutt […]
Gratis SFO i 12 timar i veka for 1.trinnet
Utdanningsdirektoratet har informert om to viktige ordningar vedrørande SFO frå hausten 2022: alle elevar på 1.trinnet vil få gratis SFO-plass i 12 timar i veka ein SFO-plass skal ikkje koste meir enn 6% av den samla inntekta i hushaldet For elevar på 1.trinnet tyder dette at alle elevar kan bruke SFO-ordninga gratis i 12 timar […]
Her er det berre å søkje skuleplass!
Stord Kristne Skule i vekst
Styret for Stord Kristne Skule vedtok i sitt møte 11. januar å starte arbeidet med å utvide skulen med ungdomstrinn frå hausten 2022. Det tyder at arbeidet med å utruste skulen for 8.-10.trinnet er i gong. Skulen treng spesialrom, ikkje minst for skulekjøkken og kunst og handverk. Før oppstart vil det liggje føre godkjenning av […]
SFO på Stord Kristne Skule
SKS har oppretta SFO. Det er Lars Paul Tislevoll som møter elevane frisk og opplagt om morgonen. Han hjelper dei med ein roleg og triveleg start på dagen fram til skuledagan byrjar. Etter fullført skuledag er det Heidi Taipale som tar over ansvaret for elevane på SKS. Ho lagar mat med dei, går turar, driv […]