Stord Kristne Skule

skulen for alle

  • Kva kostar ein elevplass på SKS?
  • Digital søknad om skuleplass
  • Elev på SKS
    • Reglar for inntak av elevar på Stord Kristne Skule
  • SKS sitt grunnlag
    • Elevsynet på SKS
    • SKS sine verdiar
    • Pedagogisk tenking på SKS
    • Det læringseffektive klasserommet
    • Kvalitet på SKS
    • Kristen friskule – vektlegging
  • SFO på SKS
    • Vedtekter for SFO/SKS
    • Brosjyre for SFO/SKS
    • Inntektsregulert pris for SFO
    • Søknadsskjema SFO
  • Blogg
  • Om oss
    • Styret for SKS
    • Rektor på SKS
  • Gåve til SKS
  • Kontaktinformasjon SKS
  • Skulerute på SKS
    • Skulerute 2022-2023 SKS

Reglar for inntak av elevar på Stord Kristne Skule

Vedtatt av styret 14.10.2020/30.11.2021/11.1.2022

Vi deler reglane for inntak av elevar i tre kategoriar:

  1. Fortrinn
  2. Alle elevar er velkomne til SKS, og dei vert tildelt skuleplass så sant skulen har ledige elevplassar.
  3. Er det fleire søknader enn elevplassar, vert desse gruppene prioritert:
    1. Først born av tilsette ved SKS
    2. Deretter born som alt har søsken som går på SKS
    3. Deretter vil så mange som mogeleg av alle dei andre få plass, etter «først til mølla»-prinsippet
  • Opptak for skuleåret 2022-2023
  • Søknadane vert handsama i den rekkjefølge dei kjem inn. Dess tidlegare ein søkjer, jo sikrare er ein på å få skuleplass.
  • Hovudopptaket vert gjort 24.4.2022:
    • Dei som måtte ha fortrinn, vert først tildelt plass.
    • Dei andre søkjarane får så plass etter datoen dei søkte.
  • Det er fullt mogeleg å søkje om plass etter hovudopptaket, og då vert elevane tildelt skuleplass i den rekkjefølgje søknadane kjem inn.
    Det vert ikkje tatt omsyn til fortrinnsrett etter 24.4.2022 for skuleåret 2022/23.
  • Skulepengar
  • Fordi staten betaler 85% av kostnaden ved å ha elevar på ein kristen friskule, har SKS løyve til å krevje inn opp til 15% av elevkostnaden.
  • Styret for SKS har sett skulepengane til 970,- kroner i måneden for 10 månader av året. (Dette utgjer omlag 5% av elevkostnaden.) August og påfølgjande  juni tel som halve månader, og utgjer ei betaling.
    • For elevar som startar i august, vert første innbetaling i juni før eleven startar. Deretter betalar ein kvar månad frå september til og med mai.
    • For elevar som startar i løpet av skuleåret, betaler ein 485,- kroner ved mottatt skuleplass og deretter kvar månad frå eleven byrjar til og med mai.
  • Søskenmoderasjon
  • Styret for SKS har bestemt følgjande om søskenmoderasjon
    • 1.barn – 100% betaling (970,- i månaden)
    • 2.barn – 75% betaling (727,50 i månaden)
    • 3. og fleire barn – 50% for kvar elev (485,- i månaden)

Langtidsplanlegging for elevar

25. mai 2022 av skuleadministrasjonen

Korleis planlegg SKS avslutning av grunnskulen for sine elvar? I tillegg til ein elegant vitnemålsseremoni, som skal vere ei livsmarkering, vil vi opne verda for elevane.

Du kan framleis søkje elevplass

25. april 2022 av skuleadministrasjonen

Søknadsfristen for skuleplass gjekk ut 24. april, som tyder at fortrinnsretten ikkje lenger gjeld for komande skuleår. Du kan like fullt søkje om skuleplass! Skulen tek framleis imot søknad om skuleplass for elevar på 1. til 10.trinnet. Trykk her for å søknadsskjema.

Skuleskyss i Leirvik-området

25. april 2022 av skuleadministrasjonen

Det er ei stor glede å kunne melde at Stord Kristne Skule frå hausten 2022 vil tilby skuleskyss med eigen mini-buss i Leirvik-området. Bruk av denne bussen er uavhengig av avstand mellom heim og skule. Bussen vil hente elevane heime og køyre dei til skulen. Skulen vil før sommaren sende skriftleg tilbod til foreldra til […]

Digital søknad

21. mars 2022 av skuleadministrasjonen

SKS har nå fått på plass ein digital søknad om skuleplass. Du kjem rett til skjemaet ved å trykke på «Digital søknad om skuleplass» øvst på skulen si heimeside. Det tyder at ein ikkje lenger treng å skrive ut skjema og sende det inn fysisk. Ein fyller ut skjemaet på nett, og trykkjer til slutt […]

Gratis SFO i 12 timar i veka for 1.trinnet

2. mars 2022 av skuleadministrasjonen

Utdanningsdirektoratet har informert om to viktige ordningar vedrørande SFO frå hausten 2022: alle elevar på 1.trinnet vil få gratis SFO-plass i 12 timar i veka ein SFO-plass skal ikkje koste meir enn 6% av den samla inntekta i hushaldet For elevar på 1.trinnet tyder dette at alle elevar kan bruke SFO-ordninga gratis i 12 timar […]

Her er det berre å søkje skuleplass!

21. januar 2022 av skuleadministrasjonen

Stord Kristne Skule i vekst

11. januar 2022 av skuleadministrasjonen

Styret for Stord Kristne Skule vedtok i sitt møte 11. januar å starte arbeidet med å utvide skulen med ungdomstrinn frå hausten 2022. Det tyder at arbeidet med å utruste skulen for 8.-10.trinnet er i gong. Skulen treng spesialrom, ikkje minst for skulekjøkken og kunst og handverk. Før oppstart vil det liggje føre godkjenning av […]

Siste innlegg

  • Langtidsplanlegging for elevar
  • Du kan framleis søkje elevplass
  • Skuleskyss i Leirvik-området
  • Digital søknad
  • Gratis SFO i 12 timar i veka for 1.trinnet

Stord Kristne Skule

Besøksadresse: Bandadalen 100

5417  Stord

+47 23 29 01 21

Kontakt oss ved å: sende epost

LÆREPLANAR

  • Generell læreplan
  • Læringsplakaten
  • RLE-B

Sosiale medier

  • Facebook

Søk på nettsida

  • Kva kostar ein elevplass på SKS?
  • Digital søknad om skuleplass
  • Elev på SKS
  • SKS sitt grunnlag
  • SFO på SKS
  • Blogg
  • Om oss
  • Gåve til SKS
  • Kontaktinformasjon SKS
  • Skulerute på SKS

Copyright © 2022 · Stord Kristne Skule · Log in