Sjå dei ferske vårbileta frå skulekvardagen ved Stord kristne skule.
Tidleg i april tok lærar Linda Landmark med seg mellomtrinnselevane på ein ekskursjon til Sunnhordland museum. Der såg elevane utstillinga «Den vesle manns kunst». Museet skriv følgjande om utstillinga på nettstaden sin:
«Utstillinga ‘Den vesle manns kunst’ syner fram eit utval masseproduserte trykksaker som var ein viktig del av den folkelege kvardagskulturen i industrisamfunnet frå tidleg 1900-tal og framover. Gjennom 40 år har forfattar Einar Økland bygd opp ei stor samling av trykksaker innanfor populærkultur, barnekultur, bruksgrafikk og trivialkunst. Samlinga gjev eit portrett av skrift- og biletkultur i det moderne Noreg på 1900-talet.»
Under følgjer nokre av bileta som vart tekne under vitjinga.