Stord Kristne Skule

Skulen for alle

  • SKS sitt grunnlag
    • Elevsynet på SKS
    • SKS sine verdiar
    • Pedagogisk tenking på SKS
    • Det læringseffektive klasserommet
    • Kvalitet på SKS
    • Kristen friskule – vektlegging
  • Informasjon
    • Kva kostar ein elevplass på SKS?
    • Reglar for inntak av elevar på Stord Kristne Skule
    • Skulerute 2022-2023 SKS
    • SFO på SKS
      • Vedtekter for SFO/SKS
      • Brosjyre for SFO/SKS
      • Inntektsregulert pris for SFO
      • Søknadsskjema SFO
  • Om oss
    • Styret for SKS
    • Rektor på SKS
  • Kontakt oss
  • Gi ei gåve
  • SØK SKULEPLASS

Det læringseffektive klasserommet

Vi har alle gått på skule.
Vi har alle site i klasserom.
Vi har alle sett på ein lærar som underviste frå ei tavle.
Og vi har lært.

Tavleundervisning skaper læring.
Å hevde noko anna betyr å nekte for at dei godt vaksne i samfunnet har lært noko.
Ein slik påstand vil vere urimeleg.

Spørsmålet er om tavleundervisning gjev elevane den mest effektive læringa.
Vidare er spørsmålet om tavleundervisning er eigna til å gje elevane læring for framtida.

Frå «National Training Laboratories»

Det er gjort mykje forsking på kva metodar elevane har mest utbyte av (sjå figuren ovanfor). Det er både interessant og skremmande å sjå at fleirtalet av elevar berre kan gjere reide for ein liten del av lærestoffet (5 %) to veker etter undervisninga fann stad. På andre sida kan dei elevane som fekk sitje saman og arbeide med lærestoffet i lag, gjere reide for ein stor del av undervisninga to veker seinare.

Det viser seg at fleire faktorar spelar inn når det gjeld effektiv læring.
Vi veit at ulike elevar har utbyte av ulike metodar.
Vi veit at ulikt lærestoff krev ulik tilnærming.
Vi veit at metoden læraren trur på, gjev høgst effekt i læraren sin undervisning. (Dette heng saman med at entusiasme tel mykje i læringsarbeidet.)
Det som likevel viser seg å vere mest effektivt, er at eleven sjølv er aktiv, til dømes gjennom diskusjon, utføring eller ved å forklare for medelevane.

Lærarane på SKS vil aktivisere elevane i læringsarbeidet, og dei vil velje frå ei rad med ulike metodar.

Elevane på SKS skal dagleg leve i ein læringseffektiv skule.

Stord Kristne Skule

Besøksadresse: Bandadalen 100

5417  Stord

+47 94 50 24 23

Kontakt oss ved å: sende epost

LÆREPLANAR

  • Generell læreplan
  • Læringsplakaten
  • RLE-B

Sosiale medier

  • Facebook

Copyright © 2023 · Stord Kristne Skule · Log in