Stord Kristne Skule gjennomførte i januar 2024 skuletur/studietur til London for alle elevane på ungdomstrinnet. Skulen meiner at slike turar er viktige for samhaldet på trinnet, og at dette vil gje elevane våre ein unik mogleik til å koma i nærkontakt med viktig kunnskap om korleis verda er i dag.
Difor er det med gleda me melder at me ynskjer å halda fram med desse turane kvart år, men med ulike innhald og reisemål i Noreg og i Europa.
Elevane vil få tilbod om gratis reise kvart av åra dei er elev på ungdomstrinnet.