Det er ei stor glede å sjå at bygningen til Stord Kristne Skule nærmar seg fullført. For nokre veker sidan stod modulane (brakkene!) i Vabakken, ein og ein, nærmast som lego-klossar. Deretter har drivande dyktige folk jobba kjapt og effektivt for å vri ein flott skule ut av legobrakkene. I dag er utearealet vidt og […]
På veg opp!
I dag, fredag 11.juni, vert det jobba med fundamentet for modulbygget. I neste veke vil modulane verte heiste på plass, kopla til kvarandre, og ein kan byrje innreidinga.
Lærarane er tilsett
Stord Kristne Skule har tilsett tre lærarar som skal ha ansvaret for undervisningen frå hausten av. Dei tre lærarane har alle undervisningskompetanse for grunnskulen, og dekkjer til saman dei faga vi treng. Namna på lærarane er: Cathrine Fosse Linda Landmark Knut Arve Nordfonn
Ting tek form
Tomta for Stord Kristne Skule ligg i Bandadalen 100, og er nå blitt ei stor flate. Ein skulle tru at vi skal byggje noko verkeleg stort der. Og det skal vi! Stort – ikkje i kvadratmeter, men i konsekvens! Skulebygget vert 486 kvadratmeter, og vil ha tre klasserom og to grupperom – utanom kontor for […]
Treng du skyss til skulen?
Det er framleis moglegheit for påmelding for å vere med frå oppstart hausten 2021. Det er elevar på 6 av 7 trinn. Bur du over 4 km frå skulen har du rett til gratis skyss. Første klasse får gratis skyss dersom ein bur lengre enn 2 km frå skulen. Bur du i ein av nabokommunane? […]
Elevtalet aukar
Stord Kristne skule har nå nådd målet for minstetalet på elevar som var ønskjeleg før oppstart. Vi har nå elevar på 6 av dei 7 barneskuletrinna. Skulen har likevel framleis plass til ein god del fleire elevar, så vi oppmodar foreldre å søkje. Søknadsfristen er sett til 1. juni, og nærmar seg raskt. Dei som […]
Grunnlaget er lagt!
Skuletomta er nå planert, og ein kan byggje fundament for modulane. Forventningsfulle elevar ser at planar vert realiserte! Modulane som skal verte til skule, ser kanskje ikkje så imponerande ut før dei vert monterte, men dei har gode kvalitetar! Innvendig framkallar dei smil frå leiar og medlem av styret! Stord Kristne Skule har fått god […]
Elevtalet aukar
Vi som jobbar med SKS gler oss over at elevtalet på skulen aukar, og at vi nå har elevar på fem av sju trinn. Det er likevel framleis godt om plass på skulen, og vi oppmodar foreldre til å søkje skuleplass til sine elevar. Skulen tar inn elevar på 1.-7.trinnet. Dess tidlegare ein søkjer om […]