Stord Kristne Skule

Skulen for alle

  • SKS sitt grunnlag
    • Elevsynet på SKS
    • SKS sine verdiar
    • Pedagogisk tenking på SKS
    • Det læringseffektive klasserommet
    • Kvalitet på SKS
    • Kristen friskule – vektlegging
  • Informasjon
    • Kva kostar ein elevplass på SKS?
    • Reglar for inntak av elevar på Stord Kristne Skule
    • Skulerute 2022-2023 SKS
    • SFO på SKS
      • Vedtekter for SFO/SKS
      • Brosjyre for SFO/SKS
      • Inntektsregulert pris for SFO
      • Søknadsskjema SFO
  • Om oss
    • Styret for SKS
    • Rektor på SKS
  • Kontakt oss
  • Gi ei gåve
  • SØK SKULEPLASS

Kristen friskule – vektlegging

Omgrepet «kristen friskule» kan få ein til å undre seg over kva innhaldet eigentleg er. Er det ein skule berre for kristne? Er det ei frikyrkje som lagar seg ein skule for å skjerme borna frå den farlege verda? Er det ein protest?
Lat oss dele opp omgrepet og fylle det med innhald, for å avklare kva deler av omgrepet som har mest og minst vekt.

Omgrepet «kristen friskule» inneheld tre element:

  • «Kristen» – som i denne samanhengen tyder at verdigrunnlaget for skulen er kristen tru og etikk. I ein kristen skule vil tru og etikk vere ein naturleg og open del av skulekvardagen. Elevane kan samtale og uttrykke tru, bibelen kan vere ein del av samtalen, kristen musikk og kultur er synleg, og ein finn ein øvingsarena for kristen etikk og ein stad å byggje fellesskap og inkludering.
  • «Fri» – tyder i denne samanhengen fridom frå styringskulturen ein finn i det offentlege systemet. Fridomen opnar for praktisering av foreldreretten, tettare skule-heim kontakt, meir medverknad på innhald og utvikling, ein annan måte å styre skulen på, hurtigare manøvreringstempo når det er naudsynt, og eit anna handlingsrom.
  • «Skule» i denne samanhengen fortel om ein stad for profesjons-organisert læring. Her finn ein kvalitet i lærinssystem, ein finn vurderingssystem, test-for-lærings-systemer og sekundært oppdragaransvar. Det er ein stad der ein set neste generasjon i stand til å møte vaksenlivet om 15-20 år når dei skal manøvrere og delta i samfunnet, velgje rett utdanning og jobb og handtere eigen utvikling og helse

Vekting av dei tre elementa

  • Stord Kristne skule (SKS) er først og fremst ei verksemd – ein skule – og dette har tyngst vekt.
    • Denne skulen underviser etter same fagplan som den offentlege skulen, med nokre små unntak.
    • Denne skulen har same faglege mål som den offentlege.
    • Skulen er ein utdanningsarena som set elevane i stand til å velgje vidare utdanning og jobb på lik linje med andre elevar i det norske samfunnet.
  • Omgrepet «kristen» fortel at denne skulen har eit tydeleg kristent verdigrunnlag, og lar frimodig det komme til syne i kvardagen.
  • Omgrepet «fri» fortel berre om strukturen skulen har. Han er ikkje offentleg, men er eigd og driven privat.

Det vil då sjå slik ut:

Stord Kristne Skule

Besøksadresse: Bandadalen 100

5417  Stord

+47 94 50 24 23

Kontakt oss ved å: sende epost

LÆREPLANAR

  • Generell læreplan
  • Læringsplakaten
  • RLE-B

Sosiale medier

  • Facebook

Copyright © 2023 · Stord Kristne Skule · Log in