Stord Kristne Skule

Skulen for alle

  • SKS sitt grunnlag
    • Elevsynet på SKS
    • SKS sine verdiar
    • Pedagogisk tenking på SKS
    • Det læringseffektive klasserommet
    • Kvalitet på SKS
    • Kristen friskule – vektlegging
  • Informasjon
    • Kva kostar ein elevplass på SKS?
    • Reglar for inntak av elevar på Stord Kristne Skule
    • Skulerute 2022-2023 SKS
    • SFO på SKS
      • Vedtekter for SFO/SKS
      • Brosjyre for SFO/SKS
      • Inntektsregulert pris for SFO
      • Søknadsskjema SFO
  • Om oss
    • Styret for SKS
    • Rektor på SKS
  • Kontakt oss
  • Gi ei gåve
  • SØK SKULEPLASS

Pedagogisk tenking på SKS

Pedagogikk er eit stort fagfelt, og det finns ei rekkje ulike retningar innan faget.
Pedagogene har kjennskap til dei ulike retningane, og identifiserer seg gjerne med den eller dei retningane studiestaden deira la mest vekt på. Fordi Noreg er eit relativt lite land, og har tett samarbeid mellom studiestadane, vert pedagogikken lett oppfatta som eins.

Men dette er ikkje korrekt om ein ser på pedagogikken i større skala.

Steinerskulen og montessori er kanskje dei alternative retningane som er mest kjende mellom folk, men variasjonane er langt større enn dette.

Den offentlege skulen støttar seg i stendig større grad på Vygotsky og sosial konstruktivisme. Her er idé-grunnlaget at verda er materie, og utan meining. Menneska må difor konstruere si eiga meining i tilveret.

Stord Kristne Skule vil drive læringsarbeidet etter dei pedagogisk tankane som ligg i omgrepet «meistringslæring». Dette er ikkje ein alternativ pedagogikk, men ei noko anna forståing av korleis vi ønskjer at elevane skal lære.

Innan meistringslæring legg ein til rette for at:

  • eleven skal meistre ei læringseining før ein går vidare til neste eining eller nivå
  • ny læring skal koplast til tidlegare læring

Det finns eit tydeleg hierarki for læring, som pedagogane bruker til å vurdere kvar eleven er i prosessen, med tanke på å hjelpe eleven vidare. Dette hierarkiet ser slik ut:

  1. Å hugse er det enklaste nivået av læring
  2. Å forstå krev høgre læring enn å hugse
  3. Å bruke krev høgre læring enn å forstå
  4. Å analysere krev høgre læring enn å bruke
  5. Å vurdere krev høgre læring enn å analysere
  6. Å skape krev høgre læring enn å vurdere

Pedagogane på SKS vil planlegge, gjennomføre og evaluere læringsarbeidet med omsyn til meistringslæring.

Stord Kristne Skule

Besøksadresse: Bandadalen 100

5417  Stord

+47 94 50 24 23

Kontakt oss ved å: sende epost

LÆREPLANAR

  • Generell læreplan
  • Læringsplakaten
  • RLE-B

Sosiale medier

  • Facebook

Copyright © 2023 · Stord Kristne Skule · Log in