For å verne personopplysningar knytt til eit barn eller foreldra, brukar Stord Kristne Skule Digipost, og oppmodar foreldra å gjere det same.
SMS og e-post er ikkje sikre når det gjeld slikt som personnummer og andre konfidensielle personopplysningar.
Først må du registrere deg om du ikkje alt er registrert:
- Gå til https://www.digipost.no/
- Trykk på raud knapp «Registrer deg», og følg instruksjonen
Når du er registrert, kan du sende post slik:
- Gå til https://www.digipost.no/
- Trykk på «Ny melding» oppe til venstre under «digipost»
- I «Til»-feltet skriv du inn «Stord Kristne Skule As» og vel skulen i lista som kjem opp
- Fyll ut emnefeltet
- Skriv i meldingsfeltet, eller
- Trykk på ruta som seier «Velg filer, eller dra og slipp her», og hent dokumentet frå din datamaskin
- Du kan og dra dokumentet/biletet du vil sende frå katalogen på din datamaskin og inn i ruta som seier «Velg filer, eller dra og slipp her»
- Trykk på «Send dokumentet til 1 mottaker» nedst på sida.
Under «Sendte meldinger» i menyen til venstre finn du kvittering for brevet du sendte.