Styret for Stord Kristne Skule (SKS), saman med prosjektleiar, styrer mot åpning av SKS august 2021.
Skulen vil starte ut med 1.-7. trinn, og vil så byggje opp skulen med eitt nytt trinn kvart år til han dekkjer alle trinna frå 1.-10.trinn.
Det har vore arbeidd målretta med egna skulebygg sidan sommaren 2020, og vi vil gå ut med adressa så snart det er mogeleg.