Stord Kristne Skule

Skulen for alle

  • SKS sitt grunnlag
    • Elevsynet på SKS
    • SKS sine verdiar
    • Pedagogisk tenking på SKS
    • Det læringseffektive klasserommet
    • Kvalitet på SKS
    • Kristen friskule – vektlegging
  • Informasjon
    • Kva kostar ein elevplass på SKS?
    • Reglar for inntak av elevar på Stord Kristne Skule
    • Skulerute 2024-2025 SKS
    • SFO på SKS
      • Vedtekter for SFO/SKS
      • Brosjyre for SFO/SKS
      • Inntektsregulert pris for SFO
      • Søknadsskjema SFO
  • Om oss
    • Styret for SKS
    • Rektor på SKS
  • Kontakt oss
  • Gi ei gåve
  • SØK SKULEPLASS

15. desember 2017

Historien til Stord Kristne Skule og siste utvikling

Vi har sidan 2011 bedt og jobba for å få ein kristen skule på Stord. I 2012 starta vi Stord Kristne Skule AS. Etter ein lang søknadsprosess med fleire avslag og ankerundar fekk vi endeleg godkjenning til å starte opp i 2015. Vi hadde paralellt  jobba med å finne eit egna skulebygg. Vi fann ein god tomt, men måtte leggje det på is, då vi ikkje hadde kapital til omregulering og kjøp. Vi var deretter godt på veg i Sagvåg, i Podlen 2. Då huseigar ville ta  utgifter med ombygging og uteområdet. Men vi måtte dessverre gi oss då vi ikkje fekk fleirtalet av politikarane i kommunen med på ei driftsendring av bygget. Vi hadde tre ankerundar, som vi til sist tapte hos Fylkesmannen. Deretter inngjekk vi intensjonsavtale om å få leige ein del av Stord Opplæringssenter på Heiane av Hordalnd Fylkeskommune, dette bygget er ein del av Stord VGS. Det vart ein intens søknadsrunde hos kommunen og Fylkesmannen. Det vart fleire  ankerundar hos Fylkesmannen, og ein utfordrande søknadsrunde med kommunen. Til slutt, på overtid, fekk vi ja frå politikarane på Stord, med då fekk vi avslag frå Utdanningsdirektoratet. Vi anka deretter til Kunnskapsdepartementet.  11 desember 2017 fekk vi endelig avslag på klagen vår til Kunnskapsdepartementet.

Det er svært beklageleg at vi ikkje fekk det til i denne omgang. Det er verst, først og fremst for borna som gleda seg til å byrje på skulen «sin». Deretter for personale, foreldre, foreldregruppa, utleigarar, styret, og andre forsamlingar, grupper og enkeltpersonar som har stått med i både forbøn, og med økonomisk støtte.

Støtta og interessa desse åra har vore aukande, og vi ser at det er eit langt større engasjement og ønske om ein kristen skule no, en då vi byrja. Dette er med på å gi pågangsmot til å fortsetje med arbeidet for å få ein kristen skule på Stord.

Vi hadde i byrjinga av 2018 ein innsamlingsaksjon der vi fekk inn ca 127 000 kr, og dermed fekk vi dei 100 000 vi trengte for å sende ny søknad. Den vart sendt innan 1 februar 2018.  Vi fekk  og betalt ei rekning og avdrag på tidelgare omreguleringsutgifter. No er søknaden sendt, og vi ventar svar på den iløpet av hausten 2018, seinast innan 1 februar 2019. Det er meir en nokon gong behov for ein kristen skule på Stord. Både den pressa skulesituasjonen på Heiane, og det aukande behovet for ein kristen friskule, med eleven i fokus på einsærskilt måte, gjer dette til ei svært viktig sak.  Frammover no vil vi jobbe med å spreie informasjon om skulen, og få fleire forbedara og gjevarar, slik at vi får nok støtte og kapital til å få opp eit skulebygg.

Vi har sidan 2011 bedt og jobba for å få ein kristen skule på Stord. I 2012 starta vi Stord Kristne Skule AS. Etter ein lang søknadsprosess med fleire avslag og ankerundar fekk vi endeleg godkjenning til å starte opp i 2015. Deretter har vi jobba med å finne eit egna skulebygg. Vi fann ein god tomt, men måtte gje oss då vi ikkje hadde kapital til omregulering og kjøp.  Vi var deretter godt på veg i Sagvåg, i Podlen 2. Då huseigar ville ta  utgifter med ombygging og uteområdet. Men vi må dessverre gi oss då vi ikkje fekk fleirtalet av politikarane i kommunen med på ei driftsendring av bygget. Vi hadde tre ankerundar, som vi til sist tapte hos Fylkesmannen. Deretter inngjekk vi intensjonsavtale om å få leige ein del av Stord Opplæringssenter på Heiane. Siste nytt i den saka er følgjande:

 Vi fekk endelig avslag på klagen vår til Kunnskapsdepartementet, i samband med søknad om godkjenning til oppstart for Stord Kristne Skule.

Det er svært beklageleg at vi ikkje fekk det til i denne omgang. Det er verst, først og fremst for borna som gleda seg til å byrje på skulen «sin». Deretter for personale, foreldre, foreldregruppa, utleigarar, styret, og andre forsamlingar, grupper og enkeltpersonar som har stått med i både forbøn, og med økonomisk støtte.

Støtta og interessa har vore aukande, og vi ser at det er eit langt større engasjement og ønske om ein kristen skule no, en då vi byrja for seks år sidan. Dette gjev pågangsmot til å fortsetje med arbeidet for å få ein kristen skule på Stord.

Årsaka til avslaget var kort sagt at vi i styret  tok ein sjanse i haust, då vi såg bort ifrå eit brev frå kommunen. I det la dei fram krav om driftsendring på skulebygget for å kunne nytta det skule.

For det første kunne vi ikkje forstå kravet, då Stord Opplæringssenter var ein del av Stord VGS sine skulebygg, og den har vore nytta til ordinær undervisning. Andre VGS skular vert også nytta til undervisning på grunnskulenivå. For det andre hadde vi ikkje økonomi til ein slik prosess, og for det tredje ville vi prøve saka vår for Fylkesmannen, utan å risikere å ha eit avslag frå kommunen som utgangspunkt for Fylkesmannen si avgjersle. Slik det vart i Podlen 2. i vår. Eg trudde heller ikkje at kommunen kunne endre Fylkesmanen sitt vedtak. Det var også vanskeleg å finne ut kva lovverket sa om denne spesifikke situasjonen. Men då Fylkesmannen sin seniorrådgjevar, hadde samla mange juristar på sitt kontor for å drøfte saka, så kom dei fram til at vi måtte ha kommunen si godkjenning, sidan brevet frå Kommunen vart sendt før Fylkesmannen sitt vedtak.

Då fekk vi Hordaland Fylkeskommune, som eig Stord VGS, med på ein omregulerings søknad. I samarbeid med kommunen fekk vi ei hurtig handsaming av saka. Både administrasjonen og politikarane var positive, men dessverre vart vedtaket fem dagar for seint. Til tross for at vi lenge før fekk ei godkjenning frå Fylkesmannen, med varsel om omgjering fram til kommunens godkjenning, var dette ikkje godt nok for Udir, og Kunnskapsdepartementet.

Vi vil no jobbe med å få sendt søknaden og med å få opp ein stiftelse, slik at vi kan få nok kapital i ryggen til å få reist opp skulen på Stord, og då helst til hausten 2019.  Både den pressa skulesituasjonen på Heiane, og det aukande behovet for ein kristen friskule, med eleven i fokus på ein særskilt måte, gjer dette til ei svært viktig sak.  Vi skal få opp skulen, og kven teljer vel dei tapte slag på sigerens dag?

Stord Kristne Skule

Besøksadresse: Bandadalen 100

5417  Stord

+47 23 29 01 21

Kontakt oss ved å: sende epost

LÆREPLANAR

  • Generell læreplan
  • Læringsplakaten
  • RLE-B

Sosiale medier

  • Facebook

Copyright © 2025 · Stord Kristne Skule · Log in