For 6.- og 7.-klasse starta våren i eit vinterparadis. Den fyrste veka i mars reiste dei på leir til Gullingen i Rogaland saman med lærarane Linda Landmark og Knut Arve Nordfonn. Fem dagar med friluft, ski, pinnebrød og bål har vove elevane tettare saman og tilsynelatande skapt minne dei vil mimra attende til når dei […]
London-opphaldet: Dette seier elevane
På nyåret var ungdomsskuleelevane så heldige at dei fekk reisa til London på skulen si rekning. Med lærarane Ingvild Nordfonn og Knut Arve Nordfonn i brodden fauk dei sørover til «Londinium», slik romarane gjerne ville ha uttrykt det. Men er London eit reisemål det er verdt å vitja? Utifrå tekstane elevane har skrive om den […]
Digital søknad
SKS har nå fått på plass ein digital søknad om skuleplass. Du kjem rett til skjemaet ved å trykke på «Digital søknad om skuleplass» øvst på skulen si heimeside. Det tyder at ein ikkje lenger treng å skrive ut skjema og sende det inn fysisk. Ein fyller ut skjemaet på nett, og trykkjer til slutt […]
SFO på Stord Kristne Skule
SKS har oppretta SFO. Det er Lars Paul Tislevoll som møter elevane frisk og opplagt om morgonen. Han hjelper dei med ein roleg og triveleg start på dagen fram til skuledagan byrjar. Etter fullført skuledag er det Heidi Taipale som tar over ansvaret for elevane på SKS. Ho lagar mat med dei, går turar, driv […]
Utviklingssamtalar
I november vil vi på Stord Kristne Skule gjennomføre utviklingssamtaler. I den samanhengen vil vi drøfte med elev og foreldra korleis skulestarten har vore, og gjere tiltak for vidare trivnad og læring. I samtalen skal ein snakke om eleven sin læring, men og om sosial dugleig og om samhandling. Hovedfokuset for skulen vert lesing. Lesing […]
Stord Kristne Skule digital
Stord Kristne Skule er blitt digital. Grunna ulike omstende har det tatt meir enn nødvendig lang tid å få det digitale på plass på SKS, men vi lar fortid vere fortid. iDrift kom på banen etter ei tid, og har levert framifrå tenester for skulen. Dei minste elevane har nå fått kvar sin iPad til […]
Berre litt til, så er vi der!
Det er ei stor glede å sjå at bygningen til Stord Kristne Skule nærmar seg fullført. For nokre veker sidan stod modulane (brakkene!) i Vabakken, ein og ein, nærmast som lego-klossar. Deretter har drivande dyktige folk jobba kjapt og effektivt for å vri ein flott skule ut av legobrakkene. I dag er utearealet vidt og […]
På veg opp!
I dag, fredag 11.juni, vert det jobba med fundamentet for modulbygget. I neste veke vil modulane verte heiste på plass, kopla til kvarandre, og ein kan byrje innreidinga.