Stord Kristne Skule

Skulen for alle

  • SKS sitt grunnlag
    • Elevsynet på SKS
    • SKS sine verdiar
    • Pedagogisk tenking på SKS
    • Det læringseffektive klasserommet
    • Kvalitet på SKS
    • Kristen friskule – vektlegging
  • Informasjon
    • Kva kostar ein elevplass på SKS?
    • Reglar for inntak av elevar på Stord Kristne Skule
    • Skulerute 2024-2025 SKS
    • SFO på SKS
      • Vedtekter for SFO/SKS
      • Brosjyre for SFO/SKS
      • Inntektsregulert pris for SFO
      • Søknadsskjema SFO
  • Om oss
    • Styret for SKS
    • Rektor på SKS
  • Kontakt oss
  • Gi ei gåve
  • SØK SKULEPLASS

12. april 2024

Varm poesi om skulen

Diktet «Eg vil drøyma om skulen min» vart skrive av den tidlegare skulemannen Gunvald Skytje (1946-). Den aldrande diktaren vart særs oppglødd då Stord kristne skule såg dagsens ljos i 2021. Åndsverket er skrive pseudonymt.

«Eg vil drøyma om skulen min», av Gunvald Skytje

«No må du leggja deg»,

sa mora til son sin då dagen vart natt.

Og brått sov guten sin djupaste svevn

og drøymde om skulen i kjømda.

Han såg dei kom springande, jente og gut,

mått’ ikkje missa andakt og song!

Fjagg kunne salmen utanåt, han,

i dag var det hans tur å syngja!

Dei sat så stilt som ugler på grein,

medan tårer i ljoshærde Brita spratt

og Tallak frå Almås tok kammen sin fatt

og stillsleg drog gjennom nyvaska kruller.

Også Vesla frå Grov hadde hovudet fullt,

i dag ville ho rekna på tavla!

«Sju gonger sju, ja, det vert førtini»,

skreiv Vesla til varmt skussmål frå lærar Linda.

Sottlaug frå Bjelland hadde pugga eit dikt,

mon tru det var sjølvaste Bjørnson!

Ho førde det fram, så hugheilt og vent

at dvergmålet kyndest blant vegger og pultar!

Frå skulen i draumen ville ingen gå heim,

ei hell’ etter songen til Jone frå Røyksund!

Men så lydde mora i draumen at «Fjagg, du må vakna»!

Og vonfullt sprang Fjagg til skulen han sakna.

Stord Kristne Skule

Besøksadresse: Bandadalen 100

5417  Stord

+47 23 29 01 21

Kontakt oss ved å: sende epost

LÆREPLANAR

  • Generell læreplan
  • Læringsplakaten
  • RLE-B

Sosiale medier

  • Facebook

Copyright © 2025 · Stord Kristne Skule · Log in