For 6.- og 7.-klasse starta våren i eit vinterparadis.
Den fyrste veka i mars reiste dei på leir til Gullingen i Rogaland saman med lærarane Linda Landmark og Knut Arve Nordfonn. Fem dagar med friluft, ski, pinnebrød og bål har vove elevane tettare saman og tilsynelatande skapt minne dei vil mimra attende til når dei vert eldre.
Det er ikkje så ofte at sola skin på Gullingen over lengre tid, men denne veka har ho vore ein aktiv «deltakar» gjennom opphaldet:
– Ein av dei tilsette ved leirskulen sa han kunne telja på éi hand kor mange slike dagar det er her i laupet av eit heilt år, seier Linda Landmark.
Under følgjer nokre av bileta som vart tekne under turen.