Det finnes mange meiningar om kva som skjer med elevpengane som vanlegvis går til kommunane og deretter ut til skulane, dersom elevane byrjar på privatskule. Her kjem ei forklaring: Det første 1,5 året etter at barna byrjar, eller flyttar over i ein privatskule, skjer det ingen ting. Kommunen får akkurat det same pr. elev. Deretter får kommunen berre 20 %, for kvar elev som har slutta i den offentlege skule.
Deretter vil dei 80 % som kommunen ikkje lenger får, bli samla inn til ein felles offentleg pott, der ein samlar alle pengane som kjem inn frå kommunar på landsbasis. Dei pengane vert så fordelt ut igjen til dei same kommunane. Då med ei justering i forhold til om ein har fleire eller færre elevar i friskule, enn landsgjennomsnittet. Har ein like mange som landsgjennomsnittet, får ein igjen det same beløpet som vart trekt. Har ein færre får ein meir, har ein fleire, får ein mindre. Jmf. «grønt hefte». Dermed vil mange kommunar tena på ein friskule, Dei kommunar som får mindre pengar på grunna av ein privatskule, har så mange elevar i privatskule, at rammekostnadane deira vil væra klart redusert.
Dei plassane etableringa av ein friskule går utover den offentlege, er der det vert etablert ein friskule ved sida av ein nedleggingstrua skule, Då kan friskulen direkte medføra at den offentlege vert lagt ned. Her på Stord, er det motsett. Ein privatskule vil avlasta den offentlege.
Ein annan faktor er at kommunane kan ikkje tapa pengar som ikkje høyrer til dei. Pengane føl eleven, og foreldra har, på bakgrunn av menneskerettane, Privatskulelova og foreldreretten, rett til å velje kvar dei vil sende elevane sine på skule.
Reknestykket på Stord: I 2017/18 er det 2639 elevar på Stord, jmf. Skulebruksplanen. Talet elevar i friskular i Noreg, er i følgje Nyheitene 22.05.17 ca 4 %. Om vi skal få eit elevtal i friskulen på lik linje med landsgjennomsnittet så må vi ha 108 elevar i skulen. Fram til det, vil kommunen få utbetalt meir av potten en dei vert trekt. Etter at elevtalet overstig landsgjennomsnittet vil kommunen bli trekt meir en dei får. Men då vil det reduserte antalet elevar i stordskulen medføre innsparingar, som sannsynlegvis er større en det ein taper. I tillegg får kommunen fortsett 20% av statsstøtta for alle elevane dei ikkje lenger har.
Nokon seier også at kommunen taper pengar fordi dei må være klar til å ta over dersom skulen blir lagd ned. Dette er ikkje noko haldbart argument, da måtte ein samtidig nekta alle private barnehagar for å unngå at kommunen skulle tape pengar, dersom dei vart lagd ned.
Til slutt, sitat frå Giske:
«Når kommuner med mange elever i private skoler kan tape på trekkordningen, skyldes det at de har ledig kapasitet i kommunale skoler, det vil si at marginalkostnaden knyttet til en ny elev, er lav.» (Stortingets spørretime 22.11.00) Saken er jo den at hvis de kommunale skolene kunne ta opp samtlige privatskoleelever uten at en eneste ny klasse måtte opprettes, så ville jo kommunen få langt større inntekter fra staten uten at utgiftene økte særlig mye. Men en kommune som driver skole med så mye ledig kapasitet i klasserommene, driver urasjonell skole. Små klasser er dyrt! Hvis man har råd til å drive med små klasser, så er det jo fint for elevene. Men har man økonomiske problemer, må kommunen selvfølgelig rasjonalisere ved å flytte skolegrenser og lage større klasser. Å skylde på de elevene som ikke er der, enten fordi de har flyttet eller meldt overgang til privat skole, er håpløs argumentasjon. Kommunen må drive skole ut fra det elevgrunnlaget de faktisk har og ikke hva det kunne vært hvis foreldre ikke ønsket friskoler, eller hvis 100 barnefamilier hadde flyttet til kommunen, eller hvis alle familiene i kommunen fikk 10 barn hver.
Mvh
Geir Martin Økland