Stord Kristne Skule

Skulen for alle

  • SKS sitt grunnlag
    • Elevsynet på SKS
    • SKS sine verdiar
    • Pedagogisk tenking på SKS
    • Det læringseffektive klasserommet
    • Kvalitet på SKS
    • Kristen friskule – vektlegging
  • Informasjon
    • Kva kostar ein elevplass på SKS?
    • Reglar for inntak av elevar på Stord Kristne Skule
    • Skulerute 2025-2026 SKS
    • SFO på SKS
      • Vedtekter for SFO/SKS
      • Brosjyre for SFO/SKS
      • Inntektsregulert pris for SFO
      • Søknadsskjema SFO
  • Om oss
    • Styret for SKS
    • Rektor på SKS
  • Kontakt oss
  • Gi ei gåve
  • SØK SKULEPLASS

22. mars 2024

VilVite til SKS: – Ein av dei kjekkaste klassane me har vore innom

Vekene før påskeferien har vore innhaldsrike for både elevar og og lærarar.

Ungdomane fekk prøva seg som gartnarar (her: tomatbønder), medan barnetrinnet var ein tur til Føyno og testa ut propellbåtane sine. Mellomtrinnet var på leirskule på Gullingen i ei vekes tid, og lærarane har stått trufaste på i si lærargjerning i tett samarbeid med assistentane på huset.

Førre veke var ekstra interessant for elevane. Den eine dagen fekk mellomtrinnet vitjing av Anne Mæland, ein utsending frå VilVite i Bergen. Ho gav elevane ein leksjon i programmering, og elevane fekk sjølv mogleiken til å programmera sjølvkøyrande småbilar. Dette skjedde ved hjelp av ein såkalla «microbit».

– Programmering er inkludert i den nye læreplanen. Me ser at programmering gjev einskilde elevar mykje motivasjon, seier Mæland og legg til at opplegget appellerer ekstra til elevar som slit med å sitja stille elles.

Mellomtrinnselevane var svært engasjerte under den tekniske undervisningsbolken.

– Det er ein av dei kjekkaste klassane eg har vore i, seier Mæland.

Mellomtrinnet høyrer godt etter medan Anne Mæland fortel dei om programmering ved hjelp av «microbits». FOTO: JONE RØKSUND

FOTO: JONE RØKSUND

FOTO: JONE RØKSUND

Trygvar De Jesus Borge med den programmerte bilen sin. FOTO: JONE RØKSUND

Òg Julie Hauan og Heidi Marie Nordfonn tykte om undervisningsopplegget. FOTO: JONE RØKSUND

Nikita Vasilcenko og Joel Fosse testar ut den programmerte bilen. FOTO: JONE RØKSUND

Så var det småtrinnet. Fredagen har vorte fast dag for utflukter, og før ferien gjekk turen til den kristelege bokhandelen SunnBok på Leirvik. Der fekk borna servert ei påskeforteljing av Silje Helen Fyllingen. Ho las for dei om palmesundagen og turen til Jerusalem frå Jesu esel sin ståstad.

Silje Helen Fyllingen les påskeforteljing for småtrinnselevane. FOTO: INGVILD NORDFONN

Elevane sit med spissa øyre medan Fyllingen les. FOTO: INGVILD NORDFONN

Avslutningsvis vil staben ved Stord kristne skule ynskja alle ei signerik og uforstyrra påskehøgtid!

Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjarta dykkar uroast, og ver ikkje motlause! – Johannes 14:27

Påskedekorasjon laga av elevane på småtrinnet. FOTO: GUNNHILD LØNNING

Stord Kristne Skule

Besøksadresse: Bandadalen 100

5417  Stord

+47 23 29 01 21

Kontakt oss ved å: sende epost

LÆREPLANAR

  • Generell læreplan
  • Læringsplakaten
  • RLE-B

Sosiale medier

  • Facebook

Copyright © 2025 · Stord Kristne Skule · Log in