På nyåret var ungdomsskuleelevane så heldige at dei fekk reisa til London på skulen si rekning. Med lærarane Ingvild Nordfonn og Knut Arve Nordfonn i brodden fauk dei sørover til «Londinium», slik romarane gjerne ville ha uttrykt det.
Men er London eit reisemål det er verdt å vitja? Utifrå tekstane elevane har skrive om den populære destinasjonen, gjev gjerne svaret seg sjølv:
Lena Baraki, 8.-klasse: Den 8. – 12. januar var me ungdomar frå SKS på klassetur til London. Eg hadde gledd meg i fleire veker, og no var endeleg dagen for avreise der! Før turen starta, kjende eg ei blanding av spenning og forventning. Tanken på å utforska ein ny by og oppleva alt det London har å by på, fekk hjarta mitt til å slå raskare. Eg visste at det ville vera ein fantastisk mogleik til å skapa minne og oppleva nye ting saman med venene mine. Me deltok på mange ulike aktivitetar og opplevde fleire turistattraksjonar, som til dømes Madam Tussauds, London Eye og Natural History Museum. Når det gjeld kommunikasjonen med engelskemennene, gjekk det ikkje så bra, men eg lærde iallfall!
…og det ho lærde, var at ein skal be om ”napkin” dersom ein treng serviett,- ikkje ”paper”. Ein sjarmerande og harmlaus språkleg flause, eller kva?
Maja Lovise Reshmi Almaas, 10.-klasse: Eg hadde gledd meg til denne turen i fleire veker. Eg var skikkeleg spent på å reisa med klassen og gledde meg til vera saman med dei i heile tre dagar. Det kribla skikkeleg i magen då flyet letta. Den eine dagen gjekk me litt rundt og var på Madame Tussauds. Det var ei oppleving. Det var så gøy, og me fekk sjå så mykje kult! Og så var me faktisk på det største senteret i Europa; Westfield London. Det var så gigantisk at ein kunne gå seg vill. Me var òg ved London Eye, Big Ben og Buckingham Palace, som var dei stadene eg berre måtte sjå i London. Ein av kveldane var me på musikalen Les Miserables. Det var ikkje den verste musikalen å gå på, men eg skjøna ikkje heilt plottet. Uansett er eg glad for at eg i alle fall har fått oppleva ein musikal.
Elice Grigoryan, 8.-klasse: Da vi skulle videre fra flyplassen til hotellet, rotet lærerne seg bort i alle undergrunnsbanene, og vi måtte gå av og på baner kanskje syv ganger før vi var framme. Førsteinntrykket mitt av London var at byen var diger og fin, men også at den var litt trist lengre ute ved flyplassen. Ved flyplassen og stedet vi kjørte forbi med toget, var det digre rekkehus, som alle var helt like, og store grå blokker som var kjempehøye og også helt identiske. I Norge har vi mange forskjellige hus i ulike fasonger og farger, så bostedene i London var veldig uvante for meg. Et annet inntrykk jeg fikk av byen var at det er farligere der, og mer fattigdom: Jeg så at politiet var væpnet, og det var politi og politibiler veldig mange steder. Det gikk mange fattige i undergrunnsstasjonene og noen i gatene.
Særleg éin elev hadde litt ekstra sommarfuglar i magen ved avreise. SKS hadde nemleg nettopp teke imot ein ny 8.-klassing ved namnet Essrom. Han kjende ikkje reisefølgjet sitt, men gleid inn i gjengen etter få minutt. Han fekk til og med møta på ein slektning i laupet av opphaldet i den engelske hovudstaden:
Essrom Daniel Tesfamichel, 8.-klasse: Då eg kom til hurtigbåtkaien på Leirvik klokka 05:30, var eg veldig nervøs, men også litt ivrig fordi eg vart kjend med lærar Knut Arve. Så kom eleven Elice og sa hei til meg, og me vart litt kjende med kvarandre. Det var mykje kult å sjå i London. Madam Tussauds var nytt for meg, og ganske spanande. London Eye var fint. Me prøvde det ikkje, men det såg veldig gøy ut. Big Ben var fantastisk! Eg visste ikkje at det var ekte gull som var i klokka. Det var så fint! Det kjekkaste eg gjorde i London var at eg fekk møta fetteren min for fyrste gong. Me stakk til Nandos og åt burgar og dessert, deretter stakk me på «shopping». Så kom fredagen, den siste dagen i London. Eg sa til lærar Knut Arve at eg kjem til å sakna byen.
Milla Rygh Larsen, 10.-klasse: Då me skulle ut av Westfield senter, så var det ganske skummelt, for eg og Lena gjekk oss litt ville ute i byen der, men me fann fort vegen attende. Den eine dagen såg me mellom anna Big Ben. Så gjekk me til kongehuset og den eine parken like ved. Der møtte eg på nokre kule fuglar som sette seg på hovudet mitt, og det synest eg var ganske kult. Torsdagen var me på naturmuseet i London, der me såg på mykje interessant, som dinosaurskjelett, insekt, steinar og mykje anna.
Rakel Karoline Fosse, 8.-klasse: Jeg var spent på å reise til London, selv om jeg har vært der før. Jeg var spent på hvordan det skulle være å leve så tett på klassekameratene mine i så mange dager og bli bedre kjent med dem. Da vi ankom London, begynte det å snø litt, og gatene fyltes med slaps. Det var et veldig «uvelkommende» og kaldt vær som møtte oss. En av dagene dro vi ned til The Tube (undergrunnsbanen) og stoppet ved Hyde Park. Vi dro videre til Speakers’ Corner i Hyde Park, der det samlet seg mange fugler som ville ha nistene våre. Vi dro videre og kom til Madame Tussauds, et bygg fullt av utstillinger av voksdukker som så akkurat ut som levende mennesker. Dukkene representerte mange kjendiser, artister og skuespillere. Det var til og med voksdukker fra filmer som Star Wars og The Marvel Universe. Da vi var tilbake i Norge på fredagen, var det et kjærlig gjensyn da vi så foreldrene våre vente på oss utenfor skolen. Som de sier: Borte bra, men hjemme best!
Katarina Bergsvåg-Wattum, 9.-klasse: Me starta tidleg og reiste til London måndag morgon. I laupet av dei 5 dagane me var der, vitja me ein del ulike plassar. Me drog for å sjå musikalen Les Misérables, som dei fleste syntest var forvirrande. Me tok ein dobbeldekkarbuss for å sjå på London Eye og Big Ben. Me var på Madame Tussauds og såg på alle figurane der, noko dei fleste syntest var spanande. Me var på eit museum der dei hadde mange utstoppa dyr, skjelett, dinosaurar, fossil og steinar. Me reiste heim fredag morgon og tok helg.
Utdraga er henta frå nokre lengre tekstar elevane har skrive i norsktimane. Elevane har godkjent publisering av desse på SKS si heimeside.