SKS har for tida 43 elevar og 17 tilsette. Skulen er framleis fådelt, med omlag 24 elevar på ungdomssteget for neste skuleår.
SKS søkjer etter pedagog/lærar for ungdomssteget i inntil 100% stilling.
Me søkjer etter lærar for ungdomssteget for neste skuleår, mellombels, med moglegheit for fast stilling og framhald etter neste skuleår.
SKS søkjer etter deg som har 60 studiepoeng i basisfaga norsk, engelsk eller matematikk. Dersom du har 60 studiepoeng i andre fag kan det også vere eit fortrinn.
Vidare vil erfaring frå ungdomssteget (gjerne kontaktlærarerfaring) vere viktig.
SKS kan vere fleksible i forhold til stillingsstorleik (70-100%).
SKS er ein livssynsskule, og du må dele skulen sitt livssyn slik det kjem til
uttrykk i grunnlagsdokumenta på skulen si nettside – stordkristneskule.no.
Nærare informasjon og elektronisk søknadskjema finn du her
Ved spørsmål, ta kontakt – rektor@stordkristneskule.no / 465 00 322.
Søknadsfrist: 11. april 2025