Stord Kristne Skule

Skulen for alle

  • SKS sitt grunnlag
    • Elevsynet på SKS
    • SKS sine verdiar
    • Pedagogisk tenking på SKS
    • Det læringseffektive klasserommet
    • Kvalitet på SKS
    • Kristen friskule – vektlegging
  • Informasjon
    • Kva kostar ein elevplass på SKS?
    • Reglar for inntak av elevar på Stord Kristne Skule
    • Skulerute 2024-2025 SKS
    • SFO på SKS
      • Vedtekter for SFO/SKS
      • Brosjyre for SFO/SKS
      • Inntektsregulert pris for SFO
      • Søknadsskjema SFO
  • Om oss
    • Styret for SKS
    • Rektor på SKS
  • Kontakt oss
  • Gi ei gåve
  • SØK SKULEPLASS

7. juni 2024

Kortreist godleik frå SKS-elevane: delte ut lappekaker og papirlappar til forbipasserande

Under parolen «Små ting gjorde i kjærleik endrar verda» tok elevane ved Stord kristne skule ein solid dose godleik med seg til Heiane storsenter og Sponavikjo den fyrste veka i juni.

Den årlege godleiksveka handlar om å spreia varme og visa omsut til menneska rundt seg. Elevane på SKS synte godleik ved å steikja lappekaker og dela dei ut til forbipasserande. Heile storsenteret vart fylt av ein eim av nysteikt røre, og folk strøymde til for å smaka på dei saftige kakene elevane hadde stelt i stand.

Medan somme steikte lappekaker, sprang andre rundt med godord på papirlappar. Dei fleste tok imot godorda med open famn,- somme tok til og med til tårene. Ein del andre elevar gjekk rundt og plukka bos som låg og flaut på både parkeringsplassen utanfor senteret og området rundt McDonald’s. Resultatet vart fem fulle sekkar med avfall.

Godleiken tok turen vidare til Sponavikjo eit par dagar seinare, der raking av tang, tare og anna grums stod på agendaen. Det bøtta ned frå himmelen, men det stoppa ikkje SKS-elevane frå å gjera ein innsats for medmenneska sine på Stord.

«Den største gleda ein absolutt kan ha, er jo faktisk å gjera andre glad! Det er ikkje tull, det er rett og slett sanningsord», sa ein av elevane på ungdomstrinnet etter godleiksoppdraget på Heiane.

Elevane og dei tilsette ved SKS er svært nøgde med innsatsen som vart gjord i samband med temaet godleik 2024. Me ser allereie fram til «Godleik 2025».

SAMARBEID: Her står Julie Hauan, Charlotte Landmark, Wiktoria Hrywka, Heidi Marie Nordfonn og Marie Notland og steikjer lappar. FOTO: GUNNHILD LØNNING

LAPPEKAKER PÅ FAT: Desse karane gjekk rundt og serverte lappekaker på Heiane storsenter. FOTO: GUNNHILD LØNNING

GODORD: Katarina Bergsvåg Wattum, Lena Baraki og Elice Grigoryan på ungdomstrinnet er i gang med å dela ut papirlappar med godord på. FOTO: GUNNHILD LØNNING

VELLUKTANDE: Det lukta godt på Heiane storsenter tysdag føremiddag. FOTO: GUNNHILD LØNNING

NYSTEIKTE LAPPAR: Mohanad Nader og Essrom Daniel Tesfamichel går begge i 8.-klasse. Dei delte ut nysteikte lappekaker til den handlande stordabuen. FOTO: GUNNHILD LØNNING

VEKK MED AVFALL: Naomi Semere og Maraya Pavlova er klare til å reinsa Heiane for avfall. FOTO: CATHRINE FOSSE

ENGASJERTE: Eyob Samson Debesay og Beamilak Gebremechael driv effektivt lagarbeid, slik dei alltid gjer. FOTO: CATHRINE FOSSE

SMIL: Agape Bergun og Anne Margrethe Taipale smiler breitt under ryddeaksjonen utanfor McDonald’s. FOTO: CATHRINE FOSSE

RYDDEMODUS: David Bergun og Tobiah Haga i ryddemodus. FOTO: CATHRINE FOSSE

RYDDEGUT: David Bergun i 3.-klasse synest det er kjekt å rydda. FOTO: CATHRINE FOSSE

SPONAVIKJO: Julie Hauan på 7.-trinn med ein god handfull tang og tare. Sponavikjo vart stroken etter innsatsen til elevane. FOTO: LINDA LANDMARK

Stord Kristne Skule

Besøksadresse: Bandadalen 100

5417  Stord

+47 23 29 01 21

Kontakt oss ved å: sende epost

LÆREPLANAR

  • Generell læreplan
  • Læringsplakaten
  • RLE-B

Sosiale medier

  • Facebook

Copyright © 2025 · Stord Kristne Skule · Log in