Stord Kristne Skule

Skulen for alle

  • SKS sitt grunnlag
    • Elevsynet på SKS
    • SKS sine verdiar
    • Pedagogisk tenking på SKS
    • Det læringseffektive klasserommet
    • Kvalitet på SKS
    • Kristen friskule – vektlegging
  • Informasjon
    • Kva kostar ein elevplass på SKS?
    • Reglar for inntak av elevar på Stord Kristne Skule
    • Skulerute 2024-2025 SKS
    • SFO på SKS
      • Vedtekter for SFO/SKS
      • Brosjyre for SFO/SKS
      • Inntektsregulert pris for SFO
      • Søknadsskjema SFO
  • Om oss
    • Styret for SKS
    • Rektor på SKS
  • Kontakt oss
  • Gi ei gåve
  • SØK SKULEPLASS

15. februar 2021

Kontakt med foreldre

Stord Kristne Skule startar opp i august 2021.

Skulen startar opp med 1.-7. trinn i august, og vert deretter bygd ut med eitt årstrinn kvart år, fram til vi har ein skule med klassar på alle trinn frå 1. til 10.

Det vil vere naturleg at SKS kjem til å ha elevar for både Stord og omliggjande kommunar.

Vi ønskjer å kome i kontakt med foreldre som har born i rett skulealder, og som har interesse av å sende borna sine til ein kristen friskule.
Ein slik kontakt vert ikkje bindande før ein søkjer om, og tek imot,
skuleplass.

Kontaktinformasjon:

  • SMS til, eller samtale med, prosjektleiar Ole Henry Halleraker, mob. 945 02 423
  • post@stordkristneskule.no

Du kan følgje med på informasjon som vert lagt ut her på heimesida for å lære om kva SKS står for og korleis skulen vil ivareta elevar og føresette, og kva verdiar og prinsipp skulen skal drivast etter.

Vi har sett ned ei pedagogisk arbeidsgruppe som arbeider med utvikling av det som skal finne stad i klasseromma, årshjul for undervisning og aktivitetar, ordensreglar og mykje meir.

Vi har lyst ut lærarstillingar, og vil framover også lyse ut andre nødvendige stillingar.

Styret jobbar effektivt med bygg, økonomi og organisasjon for å legge best mogeleg til rette for den nye skulen, både med tanke på oppstart, men og med tanke på langsiktig drift.

Stord Kristne Skule

Besøksadresse: Bandadalen 100

5417  Stord

+47 23 29 01 21

Kontakt oss ved å: sende epost

LÆREPLANAR

  • Generell læreplan
  • Læringsplakaten
  • RLE-B

Sosiale medier

  • Facebook

Copyright © 2025 · Stord Kristne Skule · Log in