Stord Kristne Skule

Skulen for alle

  • SKS sitt grunnlag
    • Elevsynet på SKS
    • SKS sine verdiar
    • Pedagogisk tenking på SKS
    • Det læringseffektive klasserommet
    • Kvalitet på SKS
    • Kristen friskule – vektlegging
  • Informasjon
    • Kva kostar ein elevplass på SKS?
    • Reglar for inntak av elevar på Stord Kristne Skule
    • Skulerute 2024-2025 SKS
    • SFO på SKS
      • Vedtekter for SFO/SKS
      • Brosjyre for SFO/SKS
      • Inntektsregulert pris for SFO
      • Søknadsskjema SFO
  • Om oss
    • Styret for SKS
    • Rektor på SKS
  • Kontakt oss
  • Gi ei gåve
  • SØK SKULEPLASS

23. februar 2024

Glimt frå skulekvardagen ved Stord kristne skule

Me må truleg venta til neste vinter før snøen legg seg slik han gjorde tidlegare denne månaden, men heldigvis fekk me knipsa nokre av glimta frå dagane då vinteridyllen var på sitt beste.

Levi Elias Reinertsen, Jona With Stenbråten og Joel Fosse går i 6.-klasse og storkosar seg i snøhola dei har grave ut. FOTO: LINDA LANDMARK

Joel Fosse (bak) og Levi Elias Reinertsen i tett symbiose med snøen. FOTO: LINDA LANDMARK

Kva er det Joel Fosse har planar om? FOTO: LINDA LANDMARK

Sjå opp for 7.-klassingen Julie Hauan! Brått ligg det snø i nakken på deg. FOTO: LINDA LANDMARK

Snipp, snapp, snute, så var dét vintereventyret ute.

Men: Før me på SKS ynskjer alle ein signerik og fredfull vinterferie, ynskjer me å dela nokre av dei fine augneblinkane frå veka som no går mot ein ende.

Torsdag den 22. februar fekk me vitjing av Knut Jørgen Røed Ødegaard, ein velkjend astronom og føredragshaldar. Mannen synte elevane bilete frå det vidstrekte universet og lét dei kjenna på ein meteoritt som hadde reist nokså langt.

I lenginga av den storslegne astronom-vitjinga fekk elevane byggja romskip av lego. Både ungdomane og borna samarbeidde godt, og bileta under vitnar om elevar i god «flyt».

Knut Jørgen Røed Ødegaard fanga merksemda til borna under den astronomiske leksjonen. I astronomen si høgre hand kan ein skimta meteoritten han hadde med seg i bagasjen. FOTO: GUNNHILD LØNNING

Her er lærar Knut Arve Nordfonn med på leiken. F.v. bak: Knut Arve Nordfonn, Maraya Pavlova Valentinova, Tobiah Haga, Rakel Karoline Fosse, David Enoch Bergun og Katarina Bergsvåg-Wattum. FOTO: INGVILD NORDFONN

Lærar Knut Arve Nordfonn tek seg ein nærare kik på romskipet elevane har bygt. F.v. bak: Lena Baraki, Ariam Hannes, Maja Lovise Almaas, Essrom Daniel Tesfamichel og Elice Grigoryan. FOTO: INGVILD NORDFONN

8.-klassingen Essrom Daniel Tesfamichel og 1.-klassingen Eyob Samson Debesay samarbeider godt om lego-bygginga. FOTO: INGVILD NORDFONN

F.v. bak: Anne Margrethe Taipale, Agape Grace Bergun, Wiktoria Ktarzyna Hrywka, Eyob Samson Debesay, Essrom Daniel Tesfamichel og Milla Rygh Larsen. FOTO: INGVILD NORDFONN

Beamilak Gebremechael og Eyob Samson Debesay elskar å bruka hendene og leika, kanskje særleg med lego. FOTO: INGVILD NORDFONN

Ariam Hannes, Maja Lovise Almaas og Lena Baraki skrattar og ler. FOTO: INGVILD NORDFONN

Eyob Samson Debesay og Essrom Daniel Tesfamichel samarbeider framleis om legokonstruksjonen. FOTO: INGVILD NORDFONN

Med dét ynskjer dei tilsette ved SKS både elevar og føresette ein riktig god vinterferie. Me ser fram til fleire gode stunder ved skulen utover våren.

Stord Kristne Skule

Besøksadresse: Bandadalen 100

5417  Stord

+47 23 29 01 21

Kontakt oss ved å: sende epost

LÆREPLANAR

  • Generell læreplan
  • Læringsplakaten
  • RLE-B

Sosiale medier

  • Facebook

Copyright © 2025 · Stord Kristne Skule · Log in