
Stord Kristne Skule (SKS) er i utvikling, med eit aukande elevtal og målsetning om å vere eit kvalitetstilbod for elevar i grunnskulen.
Skulen vart opna i august 2021 for elevar på barnetrinnet. Frå hausten 2022 har skulen og hatt ungdomstrinn. Frå hausten vil skulen ha i overkant av 30 elevar.
Skulen held til i eit godt, romsleg og lyst mellombels bygg. SKS har godkjenning for opp til 150 born, og det vert difor etter kvart nødvendig å byggje eit permanent skulebygg.
Skulen profilerer meistringspedagogikk.
SKS lyser med dette ut 1-2 stillingar som pedagog (delstilling er mogeleg).
Kompetanse:
- Du må ha undervisningskompetanse for grunnskulen
- Du må ha 60 studiepoeng i enten norsk eller matematikk, eller begge
- Det er ein fordel om du har utdanning i spesialpedagogikk og/eller fransk
Eigenskapar:
- Du må vere endringsviljug, ikkje minst med tanke på å tileigne deg og arbeide ut frå prinsippa innan meistringspedagogikk (opplæring vert gjeven)
- SKS søkjer etter pedagogar som er gode på å samarbeide med kollegaer, foreldre og leiing
- Vi søkjer etter pedagogar som skapar lærehunger, byggjer gode relasjonar med elevar og som tilfører glede og arbeidslyst til kollegiet
- Du må vere strukturert og målretta
Livssyn:
- SKS er ein livssynsskule, og du må dele skulen sitt livssyn slik det kjem til uttrykk i grunnlagsdokumenta på www.stordkristneskule.no
Du kan stille spørsmål om stillinga(ne) til rektor Ole Henry Halleraker, mob. 945 02 423
Søknadsfrist: 7.mai 2023
Du finn søknadsskjema her: