Stord Kristne Skule er blitt digital.
Grunna ulike omstende har det tatt meir enn nødvendig lang tid å få det digitale på plass på SKS, men vi lar fortid vere fortid.
iDrift kom på banen etter ei tid, og har levert framifrå tenester for skulen.
Dei minste elevane har nå fått kvar sin iPad til bruk både på skulen og heime. At skulesekken vert lettare enn med tunge lesebøker, er ei sak. Det viktigaste er likevel at elevane har tilgang til kvalitetsprogram innan digitale lærebøker.
Dei minste brukar og Showbie som sin digitale plattform.
På 4.-7.trinn har elevane nå fått sin eigen PC, som dei låner frå skulen etter å ha signert kontrakt.
Elevane og lærarane jobbar nå ut frå læreverket Skolestudio frå Gyldendal. Dei store vert øvde opp i å bruke Office-pakken M365 i skulearbeidet.
Skulen tar nå i bruk «Lesemester» – som er eit program som samlar mange gode titlar i lesearbeidet.
Lærarane brukar i stor grad Office M365 i sitt arbeid, og brukar Skolestudio som læreverk.
Skulen sitt administrative system heiter iSkole. Her legg vi timeplanar, held oversikt over fråver og vikarar, og vi kan her kommunisere sikkert med heimane.