Stord Kristne Skule

Skulen for alle

  • SKS sitt grunnlag
    • Elevsynet på SKS
    • SKS sine verdiar
    • Pedagogisk tenking på SKS
    • Det læringseffektive klasserommet
    • Kvalitet på SKS
    • Kristen friskule – vektlegging
  • Informasjon
    • Kva kostar ein elevplass på SKS?
    • Reglar for inntak av elevar på Stord Kristne Skule
    • Skulerute 2025-2026 SKS
    • SFO på SKS
      • Vedtekter for SFO/SKS
      • Brosjyre for SFO/SKS
      • Inntektsregulert pris for SFO
      • Søknadsskjema SFO
  • Om oss
    • Styret for SKS
    • Rektor på SKS
  • Kontakt oss
  • Gi ei gåve
  • SØK SKULEPLASS

14. august 2025

Første skuledag – ein dag å minnast

Ein ny dag, eit nytt blad i kalenderen – 14. august er her!

For oss vaksne går det nesten på automatikk å lese bokstavar og tal, og å forstå kva dei fortel oss. Me kan setje informasjonen inn i større samanhengar utan å tenkje noko særleg over det.

Men for mange av borna på Stord Kristne Skule er dette starten på eit heilt nytt kapittel. For dei som møter til sin aller første skuledag, ventar eit spanande eventyr der dei skal lære å lese, skrive og oppdage verda gjennom bokstaver, tal, ord og setningar.

Denne dagen kjem til å setje spor – ein dag dei vil hugse i lang, lang tid.

Rektor Jone Røksund ønskte alle elevane hjarteleg velkomne til eit nytt skuleår, og særleg dei spente førsteklassingane fekk litt ekstra merksemd.

Me gler oss saman med dei, og ynskjer at dei ikkje berre lærer bokstavar og ord, men også å sjå samanhengar, stille spørsmål og la nysgjerrigheita føre dei vidare.

Velkomen til skuleåret – og til starten på noko stort!

Stord Kristne Skule

Besøksadresse: Bandadalen 100

5417  Stord

+47 23 29 01 21

Kontakt oss ved å: sende epost

LÆREPLANAR

  • Generell læreplan
  • Læringsplakaten
  • RLE-B

Sosiale medier

  • Facebook

Copyright © 2026 · Stord Kristne Skule · Log in