Det er ei stor glede å sjå at bygningen til Stord Kristne Skule nærmar seg fullført.
For nokre veker sidan stod modulane (brakkene!) i Vabakken, ein og ein, nærmast som lego-klossar. Deretter har drivande dyktige folk jobba kjapt og effektivt for å vri ein flott skule ut av legobrakkene.
I dag er utearealet vidt og lyst, og ventar på siste runde før aktiviteten vert slept laust!
I dag er bygget nær ferdigkledd.
I dag er skulen nær ferdig innvendig.
I dag har vi store og lyse undervisningsareal som i hovudsak berre manglar golv før vi kan sleppe ivrige elevar og kompetente lærarar til for å drive med det som er bygget er tenkt til: læring!
Og golva, ja dei vert lagde om få dagar.
Vi har i tillegg ein gym-sal som vi får nytte som vi vil.